|
||||||||
|
Folkeaksjonen Mot 300 kV Luftspenn i Nordhordland (FMLN)
Norges vassdrags- og energidirektorat Postboks 5091, Majorstuen
0301 OSLO
Dykkar ref Dato: 200701300-178 kn/tcm 5939 Sletta 01.februar 2010
300 kV (420 kV) kraftledning Mongstad-Kollsnes. Høyring vedk tilleggsutgreiing/endringssøknad.
Det vert synt til skriv med vedlegg frå NVE, dagsett 14.desember 2009.
Folkeaksjonen Mot 300 kV Luftspenn i Nordhordland (heretter kalla FMLN) vil uttala fylgjande:
FMLN kan ikkje sjå at tilleggsutgreiinga og endringssøknaden endrar FMLN sitt opphavelege standpunkt i saka. Kraftlinja Mongstad-Kollsnes må kablast heile vegen. Endra traseval på nokre strekningar endrar ikkje vår haldning til prosjektet. For grunngjeving av vårt standpunkt vert synt til innspel i sanband med NVE si synfaring 27.oktober 2009.(vedlagt denne uttalen). Vidare legg FMLN ved skriv av 26.januar 2010, underskrive av Vigdis Villanger, styremedlem i FMLN. Dette omtalar den totale belastninga som regionen har som fylgje av omfattande utbyggingar. Hovudgrunnen til dette er utvinning av petroleum i Nordsjøen, noko som tener storsamfunnet langt utover regionen Nordhordland. FMLN vil sterkt streka under desse tilhøva, og finn kabling av omsøkte kraftlinje som eit både rettkomme og lite krav i denne samanheng.
FMLN vil vidare peika på fylgjande:
Omlegging til 420 kV. · Dette er ei vesentleg endring i høve opprinneleg konsesjonssøknad, og burde i seg sjølv vera grunnlag for ny søknad med fullstendig konsekvensutgreiing. Økonomien i prosjektet vert betre, og argumentet for kabling heile vegen vert styrkt. Sjøkabel heile vegen. · Primært ønskjer FMLN sjøkabel om lag heile vegen. Det meste av kabelen(2/3) må uansett i sjø, og meirkostnaden med sjøkabel er liten i den store samanhengen. Med sjøkabel kan dessutan arbeidet starta med ein gong, då me unngår den lange sakshandsamingstida eit luftspenn vil medføra. Både petroleumsverksemda og straumprodusentane vil vera tent med det. · FMLN krev at NVE konsekvensutgreiar alternativet med sjøkabel Jordkabel, samlokalisert med veg/vatn, der dette er mogeleg, må vera alternativet der ledningen evt vert lagt over land. Når det frå NVE/BKK vert argumentert med auka kostnader ved brot/skade, vil FMLN minna om at 2/3 av kraftlinja Mongstad-Kollsnes uansett skal gå i sjø. Argumentasjonen her kan såleis etter FMLN si vurdering ikkje tilleggjast særleg vekt. Sjøkabelalternativet må difor utgreiast før NVE tek stilling til konsesjonssøknaden frå BKK. Noverande søknad må avvisast no. Krav om anleggsbidrag. · NVE peikar på at dei etter lova ikkje kan krevja anleggsbidrag for prosjektet. Det må då minnast om at det er tvillaust at prosjektet er utløyst av olje- og gassnæringa, som er ein heilt sentral del av aktivitetane i Nordsjøen og på Mongstad/Kollsnes. Det kan ikkje vera rett at folket i Nordhordland/Øygarden åleine skal ”betala” for denne verdiskapinga;jfr vedlagte skriv vedk totalbelastninga i regionen. Heile lokalsamfunnet(politikarar, folk flest) krev difor kabling av heile traseen. FMLN ventar at næringslivet betalar for kabling(anleggsbidrag). Ein ECON-rapport som vart lagt fram i fjor konkluderer og med at det ikkje vil vera urimeleg. · BKK har i si oppdatering av lønnsemda i prosjektet tatt inn ein ny post, ”ikke realisert ny produksjon”. Så vidt me skjønar, kan dette vera avgjerande for lønnsemda i prosjektet. Dette vil , om me skjønar det rett, føra til at det omsøkte tiltaket på sikt kan verta meir og meir lønnsamt. Det underbyggjer at kravet om anleggsbidrag frå dei som ”utløyser” prosjektet må vera rettkome.
Konklusjon:
FMLN står fast på kravet om kabling av kraftlinja Mongstad-Kollsnes. Kommunane og folket i Nordhordland/Øygarden står 100% bak dette kravet. Opphaveleg søknad og endringssøknad frå BKK må difor avvisast. NVE må gje BKK pålegg om å søkja om sjøkabel/evt kombinert med jordkabel, for strekkja Mongstad-Kollsnes. FMLN vil vidare krevja at NVE ber sentrale styresmakter vurdera spørsmålet om anleggsbidrag. Grunnlaget for dette er fullt ut til stades i denne saka. Det er tvillaust slik at petroleumsverksemda vil ha avgjerande nytte av denne kraftlinja, både no og ikkje minst ved omlegging til 420 kV. Kabel i sjø/jord er ei framtidsretta løysing, som tek omsyn til ”føre var prinsippet”. Framføring av eit luftspenn i eit så spesiet område vil verka svært negativt på miljø, naturkvalitetar, dyre- og fugleliv og friluftsinteresser.
FMLN vil til slutt understreka at me ikkje er motstandarar av auka nettkapasitet Mongatad.Kollsnes, men krev at folket i Nordhordland/Øygarden vert tatt på alvor når det gjeld deira unisone krav: Kraftlinja må kablast heile vegen.
Vyrdsamt
Folkeaksjonen Mot Luftspenn i Nordhordland
Olav Steinar Namtvedt(s) Styreleiar
Vedlegg:
- Møte med NVE 27.10.09 – Innspel
|
Siste nytt:
------------------------------------------------- |
||||||