|
|||||||
|
Tankar omkring kraftleidningen frå Mongstad til Kollsnes.
Eg kjenner ei sterk trang til å skriva ned tankane mine når det gjeld forslaget om å byggja høgspentmaster frå Mongstad til Kollsnes over Radøy. Eg vert so oppgitt, skuffa og frustert over at denne vesle fliken av Norgeskartet, der eg og mine lever, bur og arbeidar, skal ta nærsagt storparten av ulempene med utviklinga av velferdssamfunnet vårt. Frå før har me store utslepp bådet til luft og sjø frå Sture og frå Mongstad. Desse stadene ligg med berre nokre fåe kilometers mellomrom og Radøy ligg midt mellom dei. Mongstad har i dag det største enkeltutsleppet i Norge – ca. 1mill. tonn CO2 rett ut i lufta kvart år. Med det nye gasskraftverket på Mongstad aukar utsleppa av miljøfarlege gassar.
I denne delen av Nordhordland har me også det største «tankskipsvegkrysset» i Norge – rett utanfor Fedje og Radøy. Her kryssar årleg omlag 700 tankbåtar, frå Sture og Mongstad, som lastar 100 000 tonn olje eller meir. Med «Server» ulukka friskt i minne så treng eg ikkje skriva meir enn at dette er ein risiko som me må leva med. Vidare har me u-båtvraket som ligg utanfor Fedje og trugar med kvikksølvet sitt og så har me Vest - tank ulukka i Sølvåg. Som om dette ikkje er nok så ligg det også inne søknad om konsesjon for vindmøllerpark på Mjøs på Radøy. So vil eg også berre nemna at det er mykje høgare førekomst av krefttilfelle i Nordhordland enn ellers i landet. Eg vil understreka at dette ikkje er forska på eller bevist vitenskapeleg, men det er uttalt.
Det saka gjeld no er om den nye kraftlinja skal gå i jord-/sjøkabel eller luftspenn over Radøy. Det virkar ikkje som nokon har det overordna ansvaret med kor mykje forsøplande industri, både visuelt og miljømessig, ein kan pressa inn på eit svært lite geografisk område. Difor seier me stopp no - nok er nok, ver så snill, høyr på oss- legg heile kraftleidningen i kabel – helst i sjøen. Eg synest ikkje at det er for mykje å be om, for me har teke og tek vår del av baksida av velferdsutviklinga i Norge.
Februar 2010
Vigdis Villanger.
|
||||||