|
||||||||
|
Me syner til synfaring vedk kraftlinja Mongstad – Kollsnes 27.oktober 2009, der De av tidsmessige grunnar ikkje fekk sett på område frå Hope til Mongstad. Dette reknar me for å vera eit av dei område der framføring av luftlinje vil vera særs problematisk.
Lindås kommune er no i gang med kommunedelplan for området, og det kan ver særs nyttig at De held Dykk orienterte om aktuelle planar. Ein landskapsanalyse syner kva landskapsverdi som er lagt til grunn i planarbeidet. Denne syner at sentrale deler av området har stor landskapsmessig verdi. Området mellom Tyttebærneset og mot Hope, som De vel såg frå sjøen under synfaringa, er og svært visuelt sårbart.
Det ligg vidare ved kart som syner innspel til arealbruk for området. Industrien er interessert i å få lagt kraftledningane i kabel i ein ny vegtrase gjennom Litlåsen. Her blir og lagt opp til felles trase for teknisk infrastruktur i nye industriområde. Det skulle såleis liggja vel til rette for samordning av alle infrastrukturtiltak i området, noko som vil vera både rasjonelt og samfunnsøkonomisk fornuftig. Dersom kabelen vert lagt i kabel her, vil så vera kort avstand med jordkabel til sjøen.
Etter det me kjenner til, kjem planframlegget opp til politisk handsaming i januar 2010. Det vil så bli sendt på høyring, og me reknar med at NVE/BKK vil nøye vurdera kva planane kan ha å seia for framføring av kraftlija.
Vårt syn er klart: Her ligg det godt til rette for samordning av infrastrukturtiltak, og kabel i veg/jord vil vera det einaste rette.
Dette til orientering.
5939 Sletta 29.november 2009
Med venleg helsing
Olav Steinar Namtvedt Leiar i FMLN
|
|||||||