|
||||||||
|
Velkommen til ”Folkeaksjonen Mot Luftspenn i Nordhordland” (FMLN) si heimeside
Føremålet med Folkeaksjonen mot 300 V luftspenn i Nordhordland (FMLN) er å bringa sakkunnskap og informasjon om kva nytt 300 kV luftspenn vil seia, og på den måten mobilisera til motstand mot tiltaket, og verka til at luftspennet ikkje vert bygd.
Me er ikkje motstandarar av kraftlinja i seg sjølv, men krev at ho vert lagt i kabel heile vegen. Meirkostnadane, -om lag 350 millionar-, har Norge råd til, og såleis blir lokalsamfunna sine klare ønskje høyrt og tatt omsyn til.
Reknestykket til BKK set ikkje pris på dei verdiane som folk flest er opptekne av: -landskapet, rekreasjon og friluftsliv, urørd natur og helse. Luftspenn ser billeg ut, men er i røynda eit dyrt alternativ for samfunnet.
Folkeaksjonen føler eit sterkt engasjement i bygdene våre. NVE har fått klar melding om kva både bygdefolk og politikarar meiner om kraftlinja. Trongen for auka straumforsyning er ikkje utløyst av lokale tilhøve, men som ein del av den overordna nasjonale infrastrukturen. Ulempene som dette fører med seg kan ikkje einsidig leggjast på lokalmiljøet.
Folkeaksjonen oppmodar folk til å engasjera seg der dei kan. Berre med massiv støtte kan me nå
fram.
|
Siste nytt:
------------------------------------------------- |
||||||